Det blir øvd og arbeidd godt med musikk og song i den kommunale Stord kulturskule. Bevisa var å høyra i Nysæter kyrkje torsdag kveld, der kulturskulen inviterte til førjulskveld – med svært godt frammøte av lyttande. Eit variert repertoar hadde til felles å vera knytt opp mot tilstundande høgtid: Nå tennes tusen julelys, Bjelleklang, , Himlen i min famn, We wish you a christmas og 11 andre, med «deilig er jorden som allsong til slutt.
Vel 40 elevar i ymsande alder var med, fordelt på instrumenta fløyte, piano/orgel, gitar, fiolin, cello, sleighbells og song. Det blei så absolutt ein gild musikalsk førjulskveld.