Ei sann straumsoge

Høge straumpsiar om dagen og det får oss til å minnast ei sann soge frå den gongen for ei stund sidan,  då lågspentnettet i Fitjarøyane vart snudd:

– Ja, da blei litt åv ett omskifte for oss, fortalde ei husmor på Hjelmen.

– Me hadde strauminntaket til huset vårt nett under siste stolpe på øyalinjo og når el-krafta nådde oss var ho så svak at me måtte stella fint me’ne. Middagen måtte vera klar klokko tolv og for å få kokt potetene sette eg dei på kok i halv ti tio. Då va di nett ferdige te By- og bygdanytt slo innpå radien presis tolv. Men så skjedde underet, at øyalinjo vart snudde og då kom straumen først til opp på Hjelmen.

– Av gamal vane sette eg potetene på komfyren halv ti – og brått var dei klare til skrelling og eting nett før klokko ti…

God helg.

Nokre ordtak å ta med inn i tredje adventhelga

  • En skal ikkje kasta glas når ein sit i murhus (Svensk)
  • Ein skal ikkje spenna bogen for høgt (Island)
  • Ein skal stoppa medan leiken er god (Norden)
  • Når ein kvar feier for eiga dør, blir gata rein (Dansk)

Nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan.

  • Peta på = trippa, gå med små forte steg
  • Peten = liten
  • Pinjora = gruvla, studera på noko
  • Pjusken = vesal å sjå til, tufsen