Fredag presenterte Stordront datateikning med motiv frå korleis det kan bli med splitrande ny rundkøyring på toppen av Skulebrekko – i krossen Vikabrekko/Saghaugen. Skissa var henta frå korrespondanse mellom fylkeskommunen som vegeigar og reguleringsmyndet i Stord kommune. I same korrespondanse var det fleire gode trafikkmeldingar å henta – i sær for gåande og syklande.
Lenge har det vore meldt sakn av merka overgangsfelt på Kjøtteinsvegen – på den delen vegen som strekkjer seg frå krysset mot Saghaugen/Skotabergvegen, framom Stord Hotell og Rema 1000. Slike overgangsfelt er no å finna på nye prinsippteikningar som skal til drøfting.
Likeeins er det teikningar å finna til konkrete planar for lenging av gang- og sykkelvegen langs Litlabøvegen – frå Stuva mot krysset i Lønningsdalen. Her finn me merka overgang, slik at ein kjem seg inn på gangnettet mot Studalen/Landåsen.
Reine julegåvene for trafikksikring i kommunen vår.