Avslutta haustsesongen med graut, boller og gløgg

Vel i mål og under tak i Stuvikjo, var det klart for prat og mat. Ein viktig del av det å vera med på «Aktiv til 100». (Foto: Privat)  

Stord Fitjar Turlag kan melda om aukande oppslutnad for «Aktiv til 100». Lågterskeltilbodet for trim i ditt eige tempo, men fast turmål og sosial hyggjestund med bålkaffi og godprata «på kjøpet!». Turlaget byr på tre slike tilbod:  Annankvar måndag  frå Vaskeriplanet til gapahuken ved Hustrudalsvatnet, så vekslar det torsdagane for tur frå Heiane (inngangen ved Skjephaugsvatnet) til  Skjephaugen,  og frå Møllebrua til gapahuken i Stuvikjo. Nett passeleg langt og utan tidspress. Godt vestmerka vertar passar på at alle når målet.

Haustsesong vart avslutt med graut  i Skjephaugen og på Litlabø, medan boller og gløgg, kaffi og kringla stod på menyen ved Ådlandsvatnet no torsdag.