Manglar faktisk sjølve døra

Biletet har tittelen «Storddøra» (Foto: Steinar Hystad)

Googlar me Leirvik, Stord – svarar Wikipedia at det er ein by på Stord. Det er vel ikkje heilt korrekt, sidan kommunestyret alt i 1997 vedtok at heile kommunen skal ha bystatus. Leirvik bli såleis ein bydel, tilliks med Sagvåg.

Same Wikipedia har lagt ut ein biletserie for Leirvik, slik at dei som har tettstaden på besøksplanen kan velja seg mål for nærare studie. Eit bilete har nemninga Storddøra, men motivet viser berre litt av steingarden ytterst i Onarheimsparken på Moloen. Sjølve «døra» manglar, og det bør vel rettast på.