I postlistene for Stord kommune har det i seinare tid vore «større» korrespondanse med Vegvesenet for godkjenning av parkeringsskilt langs diverse gater og stader i Leirvik sentrum.
– Er det ei ny parkeringsordning på gang? er det naturlege spørsmålet å retta til Anne Randi Naurstad, kommunen sin driftsleiar for veg, parkering og grønt.
– Det er ikkje planar om endring av parkeringsordning. Vedtak om gjeldande parkeringsordning med parkeringsskive frå 2015 skal framleis gjelda. Men, det er utført endringar i skiltplanane. Hovudgrunnen er at skiltplanane ikkje viser når tidsavgrensinga gjeld.
Tidsavgrensinga gjeld kvardag 07-18 og laurdag 07-16. Søndag er det ikkje tidsavgrensing ved parkering i sentrum.
Underskilt som angjev tidsavgrensinga, er teke inn i skilplanane og slike skilt skal setjast opp på dei ulike parkeringsplassane. Elles er det andre mindre endringar t.d. endring av skilt og oppmerking i samband med elbil ladeplassar på Vabakkjen og Sunnhordlandskaia.
– Grunna endringane må skiltplanane godkjennast av Statens vegvesen, opplyser Naurstad til Stordront.no.