– Me vil takka Arna Vik Misje for det flotte peparkakehuset som no lyser opp i kundetorget på rådhuset, skriv Stord kommune på sine heimesider. – Kvar desember månad, sidan 1994, har ho gjeve oss denne stemningsskapande gåva.
I mykje lenger tid har Arna hatt peparkake-juleverkstad i heimen og fleire generasjonar har opp gjennom åra fått tatt del i denne førjulstradisjonen. I år var dei ca. 20 personar samla og laga 10 store, flotte og detaljerte peparkakehus i alt.
Arna lagar alle delane til husa klare på førehand og på sjølve dagen får alle som vil, vera med på pyntinga. Andre står for peparkakeproduksjonen.
– Eg har berre ein omn, så det hadde ikkje gått om eg ikkje baka delane klare på førehand. Berre dei eldste får lov til å vera med og setja saman husa. I år var dette Else Berit Støle (77) og meg sjølv (73). Ungane mine ler godt av at dei enno ikkje er gamle nok til jobben, sjølv om dei har passert 50, men me jobbar med smelta sukker må vita. Det er så lett å brenna seg, seier Arna Vik Misje med eit varmt smil.
(Merk: Denne saka er henta frå Stord kommune sine heimesider etter avtale)