Stram arbeidsmarknad og aukande legemeldt fråvær  

I november registrerer NAV 1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledig i Sunnhordland. Det er so og seie eksamt same tal som førre månad og 11 fleire enn same månad i fjor. 

– Den låge arbeidsløysa held fram, og me ser at arbeidsmarknaden framleis er stram. Dette meiner me lager særleg gode høve for inkludering av andre grupper som står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland. 

Det er i november registrert ein tilgang på totalt 221 ledige stillinger i regionen. Dette er om lag 11 stillinger per verkedag.  

– Fleire verksemder me er i dialog med gir uttrykk for at det å få tak i arbeidskraft er vanskeleg i den aktuelle arbeidsmarknadssituasjonen. Me kan samarbeide om tilgang på arbeidskraft med verksemder som evner og ønskjer å inkludere andre som står utanfor arbeidslivet, seier Håvard Lægreid 

Det legemeldte fråværet aukar meir i Sunnhordland 
I tredje kvartal er det legemeldte fråværet i Sunnhordland 5.1 % av dei avtalte dagsverka. Dette er ein auke på 0,6 prosentpoeng i høve same kvartal i fjor. Det legemeldte fråværet er likt for landet, men auken i landet er på 0,4 prosentpoeng mot året før.  

– Fråværet aukar noko meir i Sunnhordland enn i landet elles. Også i Sunnhordland er den største delen av det legemeldte fråværet knytt til Muskel- og skjelettlidingar, samt psykiske lidingar. Samla sett står desse to for nær havparten av det legemeldte fråværet. Omlag ein sjettedel av det legemeldte fråværet var sjukdommar i luftesongvariasjonane som normalt gir eit lågare fråvær i tredje kvartal ikkje slår likt ut i år, seier Lægreid 

Lågast i Fitjar, Stord og Etne kommune 
I Sunnhordland er det i november lågast arbeidsløyse i Fitjar, Stord og Etne kommune (høvesvis 0,7, 0,8 og 0,8 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på 1 prosent, som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland (1,7 %) og landet (2.0%).