Godt sagt om stor hummar

Fangstsesongen etter hummar 2024 går mot avslutting og det blir meldt om greie fangstar. Sålei kan det høva å repetera ei bort imot sann soge frå  «Sant og usant frå den sunnhordlandske lygarbenken»   nr1!,: Ja, hummaren har i alle manns minne vore eit populært skalldyr. Og før matkjennarar kom til julebordet med informasjon om at hummar opp til ein kilo gjev den beste kulinariske opplevinga, var det gjævast å lenda godt vaksne kardinalar. No er det blitt slik at prisen på hummar går ned, etter kvart som vekta går opp – merkeleg nok. Før i verda var det storleiken på hummaren som gjorde susen, og sett i den samanheng var det mange augesperrer   langs Nuen då det vart kjent at ein kar på Stordsida hadde fanga ein fenomenalt enorm kjempehummar:

– Ja, dinna va so uvanli stor at han formeli kom opp me’ teino i fonget, vart det sagt.

Nokre gode ordtak med på turen:

  • Kvar si lyst, sa guten, han åt opp småkakene medan dei andre så på bilete (dansk)
  • Nokon likar mora og nokon likar dottera, og slik blir begge gifte (nordisk)
  • Det er skilnad på mort og makrell, men berre er fisk (dansk)
  • Den som søv i maksver, må ro o stormver (finsk)

Så nokre ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Oras = mykje snakk, bisn
  • Ordnotar = seiemåtar, men helst utanom det vanlege
  • Orka = makta, greia, vinna på ein ting
  • Otta = tidleg om morgonen