Ikkje solceller på kommunale bygg

(Illustrasjonsfoto: www.freepik.com)

Stord kommune har fått gjennomført ei større gransking av mogleik og kostnad kring etablering av solcelle-anlegg på kommunale bygg. Stord Ungdomsskule, Nysæter Ungdomsskule og Kulturhuset er mellom bygga som har fått tak, kostand og nytte granska.  Konklusjonen vart at det er ei stor investering som skrev lang nedbetalingstid. Då saka var før i kommunestyret torsdag vart det gjort samrøystes slikt vedtak:

«Kommunedirektøren tilrår at ein ikkje går vidare med å etablere solceller på dei kommunale bygga, men i staden kjem attende med ei sak der ein ser på alternative energiløysingar og ENØK tiltak på dei aktuelle bygga, samanlikna med solceller.»