Nytt styre for Hagerupshuset

Hagerupshuset er eldste bygningen på Leirvik (Foto: Steinar Hystad)

Kommunen valte å halda på organisasjonsnummeret til «Venelaget for Hagerupshuset» då laget vedtok å avslutta aktivitetane sine i januar i år. Det gjorde kommunen i håp om at nye krefter skulle koma til og ta arbeidet vidare. Tiltaket har kommunen lukkast med og nye krefter er no på plass, går det fram av referat frå ekstraordinært årsmøte halde 21. november.

Det nye styret, som skal konstituera seg sjølv på første samling, har følgjande medlemer: Astrid Larsen, Fredrik Litleskare, Olaug Kvalvik, Inger Schei Junge og Kjell Molvær.

Varamedlemer: Tove Dypå Lunde og Bjørn Østrem.

Årsmøte vedtok å endra namnet  frå «Venelaget for Hagerupshuset», til «Hagerupshuset», og at medlemskontigenten for 2025 skal vera kr. 100 for privatpersonar og (minimum) kr. 500 for lag/organisasjonar og firma/næringsdrivande.