Her er plass til fleire bussar

Venterommet er der – og på området er det plass til fleire bussar om gongen. (Foto: Steinar Hystad)

Trist i gå framom det som ein gong vart bygt som bussterminal for Leirvik, men som ikkje fekk skikkeleg prøvt seg som venterom og offentleg toalett for byen. Me siktar til bygget i nordenden av Grand/Folkehøgskulen som etter avslutta kebab- og pizza-sal har stått avlåst og utan aktivitet. Utfor er det ganske så stor open plass, som jamt får besøk av bussar som har sin første stopp på ruta frå terminalen på kaien og vidare ut over øya. Her er område nok til  fleire bussar om gongen. Meir sentralt er det vondt å laga til bussstasjon i Leirvik, og ikkje minst viktig er det at på- og av-stiging for passasjerar skjer på «rette bysida» av sterkt trafikkerte Sævegen. Lange gåstrekket er det heller ikkje til/frå Snøggbåtterminalen.

Til kommunestyret i morgon (28/11) har Gaute Straume Epland (AP) meldt spørsmål til ordføraren om kollektivterminalen i Leirvik, der han viser til fleirtalsvedtaket i aprilmøtet om å avslutta reguleringsarbeidet for ny terminal på Bandadalsplassen. Han viser også til at ny terminal på Leirvik ikkje lenger har prioritet hjå fylkeskommunen.

– Vil ordføraren leggja opp til at kommunestyret får ta ein ny diskusjon på kva reguleringsplan ein ynskjer å leggja til grunn for den nye kollektivterminalen, spør Epland.

Det er her Stordtont.no vågar seg frampå med påminning om at det alt fins eit greitt og vonleg rimeleg terminal-alternativ tilgjengeleg.   

Bilete: