Jodå, ein har lov å stussa litt når ein på skiltet i ramma rundt eit maleri les at motivet er frå «Leirvik sentrum kring 1900». For ein stordabu er det då ingen bygningar eller andre innslag å kjenna att.
Måleriet heng på salongveggen om bord i M/F «Lifjord», Fjord1 si reserveferje som mellom anna syt for kontinuitet i sambandet over Langenuen når Julsund må ha pause. Og den eldre utgåva av Leirvik som blir vist, er geografisk å finna i ytre del av Sognefjorden.
Ei sann transportsoge høyrer til denne saka og er frå den gong det gjekk direkteferje frå Cuxhafen i Tyskland til Bergen. Ferja la til ved Skolten og det første som møtte dei som køyrde i land, var eit skilt på festningsmuren som viste riksveg 14 til Leirvik. Tyskeren på veg til verftet i Leirvik (i Sogn) med maskindeler, var såleis i den beste tru når han svinga sørover og kom seg til Leirvik via både Halhjem og Bjørnefjorden. Her sleit han med å finna rett verftsadresse – og spurde seg føre. Vonbrotet var som venta stort, når sjåføren oppdaga fadesen – og snudde bilen mot nord.