Betre kontroll på økonomien, best i vest på sjukefråvær og framleis nedgang i ventetider. Styret i Helse Fonna er rause med rosen. Det skriv Helse Fonna på eigne heimesider.
Det er ei svært positiv utvikling for ventetida i Helse Fonna.
Trass i at det er fleire tilviste pasientar i oktober enn i september, så går ventelistekøen ned, og det er over 800 færre pasientar som ventar eller er i behandling enn i september. Det vert avslutta vesentleg fleire behandlingar enn nytilviste, noko som viser igjen på kortare ventetider
Månadsrapporten for oktober viser at det innan somatikk var 59 dagars ventetid, psykisk helsevern vaksne 37 dagar, psykisk helsevern barn og unge 28 dagar og rusbehandling 19 dagar, for dei som ventar på behandling.
Har betra kvaliteten
– Dette inneber at ein er under kravet på alle områda for ventande innan psykisk helsevern, medan ventetida innan somatikk nærmar seg målkravet. Helse Fonna er godt i gang med Ventetidsløftet, der det blir sett i verk ei rekkje ulike tiltak for å redusere ventetider, og vi forventar ytterlegare reduksjon i ventetidene, seier administrerande direktør Anders Hovland.
Det var ingen fristbrot innanfor psykisk helsevern og rus i oktober, og samanlikna med føregåande år er det ein nedgang på 33 prosent fristbrot for behandla, og 11 prosent fristbrot for ventande. Samanlikna med oktober 2022 er talet på fristbrot for ventande redusert med heile 64 prosent.
– Dei dyktige fagfolka våre har lagt ned eit stort arbeid for å korte ned ventetidene, samtidig som dei har heva kvaliteten på arbeidet. Ein har jobba meir effektivt innan noverande løysingar og har heile tida fokus på å ta i bruk nye løysingar for å betre pasientoppfølginga. Dette har m.a. vist seg i form av kvalitetspris til gastro-poliklinikken for arbeidet med å redusere re-planlegging av koloskopiundersøkingar, noko som har redusert re-planlegginga til eit minimum. Dette arbeidet har fått stor nasjonal merksemd, og er delt med fleire andre føretak. Vidare skal nemnast digital sårpoliklinikk på Stord i samarbeid med kommunehelsetenesta, og pasientstyrt digital oppfølging av barn med diabetes, forklarar fagdirektør Andreas Andreassen, som orienterte styret om Helse Fonna sitt arbeid med Ventetidsløftet.