Eit nytt par lubbe var kanskje ikkje pakken som vekte størst jubel då presangane vart opna julaftan eit par tiår attende. Men likevel ei svært vanleg gåve frå bestemor, som heldigvis visste at det var eit sjakktrekk av dei store å putta ein melkesjokolade i eine lubben og ein knitrande fem’ar i den andre. Lubbemimringa blei ekstra sterk i Ungdomshallen søndag ettermiddag, der Lubbenissane på Lubbefabrikken melde om travle tider og bestillingar på lubbegåver til jul som strøymde på som aldri før.
Bjørn Arve Lunde har ut frå gode barneminne, og under mottoet «ingen blir leie av å vera varm på beina» (i motsetnad til mangt anna å bli lei av), skrive eit herleg syngje-spel om lubber. Her er mykje skjemt og ordspel, nokre dosar med alvor, ikkje så reint frå visdomord – og ein par små bitar «malurt i handlingsbegeret». For ikkje å gløyma den viktige krakkakosen, og den flotte musikken frå Lubbefabrikk-orkesteret. Og store Storagubben, ny av året.
Eit medrivande spelstykkje er det blitt. Ikkje berre for dei yngste, i intime Ungdomshallen skein det felles hugnad frå familiar som stilte med både tre og fire generasjonar.
Har ein vore gjest i Lubbefabrikken, er det lett å skjøna at det blir meldt så godt som utseld for alle sju framsyningar.