Ordførar Sigbjørn Framnes fortalde om ei kjekk hending han hadde vore vitne til på Nordbygdo Ungdomsskule nyleg, då han i skumringa laurdag ønskte svært mykje godtfolk vel møtt til lystenning i julegata, teletårnet og det store juletreet i Borggarden.
– Elevane på Nordbygdo hadde MOT til, på dagsorden denne dagen, og då med vekt på det fine å ha MOT til å gleda andre. Tenkt litt på det, det er ikkje alltid så mykje som skal til for å speia litt glede. Slik me gjer her no, sa Framnes.
Så fekk han dei frammøtte med på høglydt nedtelling til lystenning – 10,ni, åtta, sju, seks, fem, fira, tre,to, ein – og der kom julelyset i alle pærene.
Som tradsjonen er blitt, var både Amfi og Kommune saman med Frelsesarmeen og ei gruppe frå Sagvåg Musikklag med i det lange toget fram mot Borggarden – ein godt høvande festplass. Etter seremonien trekte mange vidare opp i gata til sveler og nykinna smør frå bondelag og kvinnelag og skogeigarlag. Og vidare inn i årets nye tilbod – juleverkstaden i Klingsheimbygget.