Kva var dette?

Suppa som rann i Sunnhordlandshopen, skilde seg godt ut i den blå sjøen. (Foto: Steinar Hystad)

Ut den store røyra som leiar Vikabekken og diverse andre «overløp»  under Osenkvartalet og ut i det eldre vikabuarar  likar å kalla Sunnhordlandhopen – rann det fredag føremiddag ut ei suppe av pussig konsistens.  Kunne minne om bleik sjokolade på farge, men var utan lukt.  Stordront vart tipsa, og sende rapport  vidare til  tekniske tenester og avdeling  for avløp.  Representant vart sendt for å sjekka, berre for å konstatera at stoffet  hadde gått i oppløysing utan å gjera synleg skade.

– Me har ikkje fått melding om noko uvanleg i røyrsystemet, men det hadde vore interssant å visst kva dette var,  seier Kaldestadbakken i etaten.