– Så lovar dei snø i tillegg

oznorCO

Går det som vermeldaren i radioen  meiner , skal lysfesten som er annonsert for morgondagen (den 23.nov) bli velsigna med nysnø. Då blir det endå betre førjulsstemning i sentrum av Stord by, når born og vaksne i fakkeltog  går ruta frå Amfi/Kulturhuset til  Borggata og Rådhuset.  Skryt for velgjort skal dei ha som har pynta med lyslenker  i lufta så vel som rundt  leggene på trea  i både Torgbakken og Osen.  Dette er godt å kvila augo på i tussmørket.

God helg.

Nokre ordtak kan vera greitt å ha med på ferda

  • Lev som eg seier, ikkje som eg lever (Svensk)
  • Ein blir ikkje større sjølv, av å trampa på ande (Finsk)
  • Me ser alltid andre sine feil, men ikkje vår eigne (Dansk)
  • Me tenkjer om andre – ut frå eigne behov (Norsk)

Så nokre ord som var på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:

  • Okla = ankel, vrist
  • Old = mange, ein brote
  • Onnug =ha det travelt, hasta
  • Oppstuss = bråk. Og brukt som slikt som vekte åtgaum.