– Stord Musikklag har i alle år jobba for ein inkluderande og sosial kultur i laget. Dette har mellom anna ført til at mange medlemmer trufast møter opp år etter år. Det er alltid god stemning i laget og eldre og yngre finn tonen saman. Bokstavlegt tala, skriv leiar Pål Roseth i programmeheftet til konserten som markerer 125 års jubileet. Det skjer i Kulturhuset laurdag kl 1700.
Programmet er mangslunge, med latino-opning i El Camino Real, ein gamal travar og favoritt i laget. Neste, Overture Jubiloso er eit nytt stykke for musikklaget. Så kjem Margrete Skorpen som solist med Prøysen, etterfølgd av «At angöra en brygga» frå filmen med same namn. Så blir det innom Frankrike ein tur med Les Parapluies de Cherbourg, og frå filmverda. Likeeins er «Gabriella Song» frå filmen «Så som i himmelen». Pangavslutning med «Grüss an Thüringen», ein marsj som den observante lydar kanskje vil kjenna att ein kjend julesong i trio-delen.
Helge Heiberg Andersen skal mellom låtane fortelja frå Musikklaget si historie- og naturleg blir det då at han startar med bestefaren som starta det heile i 1899.
Velkomne til ei god musikkstund, helsar jubilanten.
Billettar er å få kjøpt via Stord kulturhus sine heimesider!