Gjekk ront julatreet i Rodingen

Juletregange i Rondingen desember1986. (Foto: Tor Resser (C))

TILBAKEBLIKK. Me er i desember 1986, og meiner det er ok å påstå at ei hending derfrå bør gli inn i den smilande del av Stord-soga. Dette året var det kommunale julatreet sett opp midt i Rondingen på kaien – med tente lys.

Den 13. i julemånaden fall på same laurdagen som den internasjonale song- og musikk-gruppa «UP WITH PEOPLE» gjesta øya og heldt eit gneistrande show for 1000 tilhøyrarar i (gamle) Idrettshallen. 

Ungdomane frå heile verda fekk også tid til besøk på sjukeheim og til mange rundar rundt juletreet hand i hand med born frå barnehagane i kommunen. Det var sunge både på norsk og engelsk, går det fram av rapportane.

Biletet: Juletregange  i Rondingen desember 1986.