Kjem nye bord og benker ved trappa

Varden i Kvelve har godt besøk – og no skal trappa opp utstyrast med nye bord og benker. (Foto: Steinar Hystad)

GUTTA PÅ TUR, som legg ut på fellesrunde kvar torsdag, spørs i e-post til «rette instans» i kommunen om løyve til å køyra nokre bilar opp til Heio i samband med dugnadsjobb. Turkarane har merka seg at sitjebenkene  ved brua over fossen er defekte og vil utstyra kvileplassen med nye bord og benker.  Eit tiltak Sparebanken Vest har støtta med ei kjekk pengegåve.

Grunnen til søknad om løyve til oppkøyring, er at Kattnakkevegen  for tida er offisielt vinterstengt.  Gutta på tur reknar med eit par dagar på grunnarbeidet, som skal gjerast med handamakt.