Mektig frå Stordkoret og solistar

Stordkoret i Fitjar kyrkje søndag kveld. (Foto: Steinar Hystad)

I samband med montasje av nytt orgel i Fitjar kyrkje vart sprekker i veggene tetta og ny maling påført. Frå ryggen i benkene vart det fjerna isolasjon, alt for å betre akustikken i kyrkjerommet Provet på eit vellukka tiltak, var å høyra  i klokkeklare tonar frå songarar og musikantar då Stordkoret.no med Kammerorkester heldt konserten GLORIA i kyrkja søndag kveld.  Ute var det ruskaver, inne vermde  samstemte røyster i korharmoninar og solistinnslag. Frå det heilt nedpå, til parti så mektige at    ein kjende det i tårekanalane. 

Gloria-konserten  vart framført i to avdelingar. I første del leia  dirigent  Liv Kari Bru, med tonefølgje frå pianist Noah Wibe, songarane gjennom eit knippe higleights frå Stordkoret sitt repertoar. Sopransolist Ingier Kannelønning Kolstad  var også ei frygd å lytta til i fleire  songar. Gildt var det også å høyra duetten  hennar med Johanne Rolfsnes, elev ved musikklina på Stord VGS. Samsongen var eit innslag i framføringa av Vivaldi sitt verk Gloria. Omtalt som eit fengjande korverk frå barokken frå 1715.

Ja, både fengjande og til tider lett svingande.  Musikarane i  kammerorkesteret frå Stavanger , leia av eks stordabu Eirik Stangenes hadde ein berande rolle i framføring.

Så er det berre å seia takk til Stordkoret for at dei held på den gode haust-tradisjon å invitera til møte med kyrkjemusikalske verk .Vakkert.