Når det ut på dagen søndag endeleg letta såpass at det vart sikt til vår lokal fjellheim, såg me grunnen til at ein snikande kulde sette seg i ryggmargen på føremiddagsturen. Og det endå tempoet var rimeleg høgt. På Stovegolvet, i Kvelve og på Kattnakken var det kome godt med snø, og me kunne såleis berre uttrykka semje med naboen som meinte på at NO var det vinter i lufta.