Fredag kunne Hystad skule leggja 103.000,- kroner til dei 2.250.000,- – tomillionartohundreogfemtitusen – som gjennom åra er samla inn og sendt til støtte for skuleprosjekt i Tanzania. Med unntak av pandemiåret, har skulen hatt temaveke kvar seinhaust sidan 1982, kor elevar og lærarar brukar fire første dagane til å laga ting for sal, øva til konsert, organisera kafe og ymse anna. Fredag blir så foreldre og besteforeldre invitert til skuledag med masse aktivitet, gode kaker og flott song å høyra. Imponerande innsats og imponerande resultet.