Lubbenissane har fått den største bestillinga nokon gong. Storagubben som bur oppe onda Storafjellet ber om hjelp til å få strikka nye lubbe, for dei gamle er utslitne.
Men med – føte store som rotvelta røte – er det ikkje lett for Lubbenissane å finna lubbemønster. Dei må difor til fjells for å ta mål av dei dafflige føtne hans før han vaknar. Det blir eit møte dei seint vil gløyma.
Skodespelarar, musikarar og tekniker har det travelt i Ungdomshallen om dagen med øving og terping for å vera klar til komande helg. Då er det premiere på «Jul med Lubbenissane» for 15 gong.