Ikkje akkurat etter ynskje, å finna løvetann i plenen som ein har prøvd å halda fri for anna enn gras. Men når ein blir møtt av irrande gul løvetannblom midt i plenen midt i november månad, og ser at blomen formeleg struttar det han maktar mot låg haustsol, ja då let ein seg beint fram gleda over synet. Som også er ei stadfesting på at det har vore ein helst mild haust – så langt. Første frosten skal vera nær føreståande.
God helg.
Nokre velvalde ordtak på ein fredag:
- Det er ikkje sikkert ein tek feil, fordi om ein er åleine om å ha rett
- Det er viktig å ha rett, men det er viktigare å gjera rett
- Det er best når ein kvar passar sitt, du ditt og eg mitt
- Du har rett, men det er som eg seier
Så døme på ord på veg ut av Stordamålet for 50 år sidan
- Næme = gløgg, lett for å skjøna
- Nåme nær = nær nok
- Odne = fin liten varme i stova
- Okje = tverrtre på ein dør eller liknande. Også bruka om ein tverr mann.