– Stord sogelag er heldig. Me har mange som bidreg med stoff, og det gjer at spennet i tema er stort, står det å lesa innleiingsvis i årsskriftet 2024, som er kome i handel. Føreordet fortel kva tema som er med i år:
I 1921 måtte tre menneske bøta med livet i ei tragisk hending på Bjelland. Kva som skjedde, kvifor og ikkje minst, kva denne hendinga fekk å seia for utviklinga av området Bjelland, kan me lesa om i John Reidar Granli sin artikkel «Det skjedde på Bjelland» .
Inger Hagerup skriv i sitt kjende dikt «Våre små søsken» om dei som kjem til verda med «mindre håndbagasje». Bjarne Sigurd Bruntveit var ein av desse. Han var heldig som fekk veksa opp på Huglo, der han sette mange spor etter seg i lokalmiljøet. Eline Bruntveit gir oss glimt av livet hans i sin tekst.
Oddbjørn Kvålsvold tek for seg livsminne frå – Seterdrift, tenestefolk og føderådsavtalar, der han fortel om dagleglivet i den nære førtida.
Reidar Frank Agdestein hadde i mellomkrigsåra oppvekstkår i gruvemiljøet på Litlabø der far hans var lærar. Før Agdestein gjekk bort, skreiv han ned nokre barndomsminne. Dei er med er årets utgåve. Under krigen flytta familien til Agdestein, og minna hans derfrå kjem i 2025-utgåva.
Magne Bjelland held fram sin artikkel om Lars Bjelland. I dette årsskriftet kan me lesa om åra til Lars i Amerika og korleis det gjekk med han vidare i livet.
Anders O. Agdestein er ein heimstaddiktar som folk flest ikkje har kjennskap til. Nils Tore Gram Økland tar i sin tekst for seg Agdestein sin litterære produksjon og livet hans.