– To felt til på denne runden, så er jobben for kommunen gjort, fekk Stordront.no opplyst hjå operatørar frå Vegmerking Vest AS ved Kulturhuset tysdag. Då var dei i full sving med oppfrisking av dei kvite stripene i gangfelta mot Vikabrekko og mot Amfi-senteret.
Ein del andre overgangsfelt har også fått nye kvite striper siste tida, dette som satsing på trafikktryggleiken i kommunen vår i år.
På spørsmål om kor lenge kvitmalinga held stand mot stor, sterk biltrafikk, fekk me opplyst at det ikkje blir brukt maling, men eit plaststoff som bitt seg godt til asfalten og at stoffet held seg på plass nokre år.