Ungdomsrådet: – Viktig å prioritera førebygging

(Illustrasjonsfoto: Steinar Hystad)

Stord ungdomsråd drøfta årsbudsjettet  2025 for kommunen på møtet sist veke og sender frå seg denne uttalen, samrøystes vedteken:

« Stord kommune står ovanfor ei tid der økonomien og årsbudsjett er mykje diskutert. Kommunen må spara, noko som resulterer i at viktige tiltak og stillingar må kuttast i. Me i ungdomsrådet har fleire saker me brenn for, og ein av dei er psykisk helse og førebygging. For oss er det viktig å halde på dei tilboda som er for både unge og dei som slit litt ekstra i samfunnet. Eit av forslaga på kuttlista er måndag- og onsdagsklubben. Dette synes me er veldig trist. Dette er eit så viktig tilbod for dei som står litt utanfor, og som kanskje ikkje har så mange andre ting å gå til i kvardagen. Det er ikkje alle som trivs eller har moglegheita til å driva med organiserte fritidsaktivitetar som t.d. fotball, handball, korps eller dans. For desse er fritidsklubbar eit godt tilbod. Me alle veit at førebygging, som alt anna, kostar pengar. Men det er òg kjempeviktig i forhold til at det på lang sikt vil kosta samfunnet mindre om fleire får hjelp når dei treng det. Difor meinar me i ungdomsrådet at tiltak og tilbod som går under førebygging og psykisk helse er viktig å prioritera. Både no og i framtida!»