30 års-jubileum og plateslepp for Tubesnakes

Tubesnakes jubilerer og slepp ny plate på Osvald Pub (Foto: Steinar Hystad)

Tubesnakes feirar plateslepp av langspelaren «Navasota, TX» på Osvald pub 16. November.

Brorparten av låtane på plata er spelt inn hjå bandet sin mangeårige samarbeidspartnar Randy Pavlock (College Station, USA) sitt eige studio. Pavlock deler produsentansvaret for innspelinga med Tubesnakes sin eigen Per Kenneth Hauan. Navasota, TX er heimbyen til Pavlock, og namnevalet feirar difor også mange års musikalsk samarbeid og venskap på tvers av landegrenser, hav og tidssonar.

Denne kvelden feirar Tubesnakes også 30-årsjubileum, noko dei markerer med fyrst å framføra heile plata «Navasota, TX». Utover kvelden vil bandet dra med seg fleire ulike gjester på scenen som sjølve skal vera med å tolka låtar frå Tubesnakes sin etter kvart ganske so rikhaldige repertoire.

20-års aldersgrense.

Billettar: 250,- på førehand, 300,- i døra.