Denne hausten har seks elevar frå Stord Folkehøgskole vore på kurs hos Stord Knivklubb. Også på vårparten i år var elevar frå skulen med på kurs i lokala som knivklubben disponerer ved Gruo på Litlabø.
Kurshaldarane har også denne gang vore tre av æresmedlemene i klubben: Wilfred Sætre, Finn Størkson og Nils Olav Hystad. Så på den måten har elevane vore i dei beste hender og fått fine kniver som resultat.
Kurshaldarane kan fortella om ivrige elevar, noko som viser igjen på resultatet etter seks samlinger.
Ved avslutningen nyleg var leiaren av Stord Knivklubb, Svein A. Birkeland, innom og overrakte diplom for vel gjennomført kurs, og formante om regelverket angående forbodet om kniv i det offentlege rom. Så er det heller å håpe at kniven kan verta eit kjært minne etter opphaldet på Stord dette skuleåret.
Stord Knivklubb