To hyggjelege julemeldingar kunne sendast ut frå møtet i Stord formannskap sist onsdag. Etter forslag frå ordførar Sigbjørn Framnes vart det samrøystes vedteke at:
- Formannskapet løyver kr 10 000,- i tilskot til julegateopning i Leirvik sentrum 2024. Løyvinga vert finansiert frå formannskapet sin løyvingskonto.
OG:
- Formannskapet løyver kr.5 000,- i tilskot til julegateopning i Sagvåg sentrum 2024. Løyvinga vert finansiert frå formannskapet sin løyvingskonto.