Arbeidet med vegen frå FV 544 og rundkøyringa på Vabakkjen opp til nyskulen viser no godt att i lendet, og korleis veg og trafikk er tenkt løyst når alt er ferdig, kjem fram i nye teikningar Viak Asplan nyleg har sendt Stord kommune. Skissa viser også kva skilt som skal koma opp og leia godtfolk på rett veg. Gangvegen mot Tveita og Landåsen på nordsida av parkeringsplassen skal kryssa nye skulevegen på merka overgangfelt. Planløysing er sjølvsagt godkjent av både vegvesen og kommune.