Helga 16.–17. november inviterer Stordkoret til konsert på Stord og i Fitjar. Hovudverket vårt denne gongen er Gloria av Antonio Vivaldi, eit fengande og iøyrefallande korverk frå barokken. I tillegg byr koret på ei samling kortare stykke frå repertoaret vårt, av klassiske komponistar som Bach, Fauré og Mozart så vel som av nyare som Knut Nystedt, Frode Fjellheim og John Rutter.
Også denne gongen samarbeider Stordkoret med profesjonelle musikarar både frå det lokale musikkmiljøet og frå ein større vestlandsregion. Stordabuen Eirik Stangenes, som er fiolinist i Stavanger symfoniorkester og nærmast har blitt ein fast samarbeidspartnar, har sett saman eit kammerorkester av musikarar som har base i Stavanger. Dei akkompagnerer oss på Gloria. Ei viktig røyst i det lokale musikklivet som me også ofte samarbeider med, er Ingjerd Kannelønning Kolstad. Ho er solist i Gloria og framfører i tillegg «Pie Jesu» av Gabriel Fauré. På Gloria tek ho med seg Johannes Rolfsnes i ein duett. Johanne er elev på musikklina ved Stord vidaregåande skule, der ho går i andre klasse. I dei kortare stykka som dannar konsertens første del, har me med oss Noah Wibe på piano og orgel. Noah er kyrkjemusikar på Stord og er den faste repetitøren vår.
Konsert med Stordkoret, solistar og kammerorkester
Nysæter kyrkje: laurdag 16. november kl. 18.00
Fitjar kyrkje: sundag 17. november kl. 18.00
***
Stordkoret har sidan koret blei skipa i 1978 sett det som ei av sine viktigaste oppgåver å gje Stord og Sunnhordlandsregionen flotte konsertopplevingar. I meir enn 45 år har me oppført musikkverk som publikum elles må reisa til Bergen eller Stavanger for å høyra i levande framføring. Berre det siste tiåret inkluderer dette kyrkjemusikalske verk av Bach, Brahms, Händel, Fauré – og Duke Ellington. Hausten 2024 tel koret rundt 45 aktive medlemmer, og fast dirigent er Liv Kari Bru. Det er også ho som leier konserten denne helga.