Får klypp annakvart år

Mange tusen greiner å klyppa i sentrum. (Foto: Steinar Hystad)

– God greinproduksjon er godt teikn på at lindetrea Borggata er i fin form, seier trepleiar Stig Kjoberg Almås når stordront.no ber han kopla frå den elektriske greinsaksa eit lite bel. Han er på klyppeoppdrag i Lerivik sentrum og kan melda om god vekst sidan sist. For to år sidan.

– Kor mange greiner blir det på ein god dag?

– Nøyaktig tal har eg vel ikkje, men seier me vel 500 greiner per tre, og gangar opp med dei seks me har frisert,  rundar me godt 3000. Eller ein full tilhengar å levera til kompostering hjå  SIM.

Trepleiaren reknar med å vera klar med greinklyppinga innan julegata skal tennast.