På tomta der «gamlaapoteket» stod i nedre del av Bandadalen, er byggearbeidet i full gang for 12 nye husvære. Prosjektet er eit samarbeid mellom Engelsen Entreprenør og Vestbo.
Onsdag vart taket på garasjeanlegget i førstehøgda støypt, oppå kjem det 12 husvære fordelt på tre etasjar. Åtte av husværa er alt selde.
Måndag i veka som kjem byrjar montasjen av elementa og når godt fire veker er gått, skal nybygget vera reist, får stordront.no opplyst.