Småskummelt i Halloween-butikken

Desse er med: Torill Berger, Åge Stokken, Mina Kolstad, Einar Tholefsen og Erik Jørgensen. (Foto: Steinar Hystad)

Tryllekule, trylledrikk med mageeffekt, levande fuglenek, levande dokker på hylla, tøff lyssetting alt i beste litt skumle halloween tradisjon.  Inn døra kjem han som vil bli verdens mest kjende tjuv i heile verda, Donald Prump i blå dressjakka og raudt slips. Så kjem Mr. Halloween sjølv til butikken sin og ser at noko har vore på «besøk». Politi og polito blir tilkalla for å oppklara og tjuven blir fakka og sett i fangekjellaren. Så kjem unge Anette og ber Mr. Halloween tryllehjelpa til å finna foreldra.  

Meir frå handlinga i Erik Jørgensen sitt teaterstykkje som hadde premiere for utselt ( ca 120 stolar) i Ungdomshallen onsdag, skal ikkje røpast.  Ja-ja – me kan vel leggja til at det det småskumle – endar med grei og samlande sluttscene. Kjekk og frisk musikk og song undervegs i oppsettinga som imponerer med godt skodespeleri og kulissar i super halloween-«stail». Det blei fortent og solid applaus til kvintetten på scenen. I Ungdomshallen kjem publikum tett på det som skjer. Noko som høver godt for Mr. Halloween – som igjen høver for alle frå 4 til 90. Det er sett opp to forestillingar laurdag komande.

Erik Jørgensen har skrive spelet Mr Halloween. Her i den småskumle butikken. (Foto: Steinar Hystad)