Rundkøyring  – framleis eit usikkert ønskje

Rundkøyring i verftsvegen her er eit trafikksikringsønskje. (Foto: Steinar Hystad)

Tilbakeblikk 19/01/23: «Uvissekrysset»  blir det sagt på folkemunne om  krysset der kommunale Langelandsvegen koplar  seg  til  fylkeskommunale Verftsvegen. Uvissa skriv seg til  kven som skal vika for kven? Gjeld den heilt vanleg «høgre-regelen», eller? Trafikken er jamt stor og det blir ein del  uvisse-stopp kvar dag, og mange er dei som meiner ei rundkøyring på staden ville løyse køyraflokane.

– Det er me samde om kommunalt også, seier ordførar Gaute Epland  til stordront.no. Han viser til at ønskje om rundkøyring i krysset er teke inn som ønskje og moment i den nyaste trafikksikringsplanen. Utfordringa i saka er at  gjeldande veg er fylkeskommunal og i planane  der har ikkje prosjektet på Stord nokon framskoten prioritet – førebels.