Spør om konsekvensane av «nye» alkoholpolitiske retningslinjer

Ulvar Akselsen spør for ungdomane som no kanskje misser tider på Sjøhuset. (Foto: Steinar Hystad)

Ulvar Akselsen (AP) har til komande kommunestyre meldt inn grunngjevne spørsmål om moglege konsekvensar for reviderte alkoholpolitiske retningsliner:

I saka om Revidering av dei alkoholpolitiske retningslinjene i kommunestyret den 17.06.2024 tok eg og andre til ordet for ein debatt  om desse endringane ville påverke  dei unge i Stord kommune sin mogleik til å delta på arrangement på utestadar der det vert servert alkohol. Me ville sjå på om det var mogeleg å leggje til rette for ei ordning der utestadane sjølve kunne velje kven dei skulle tillate på arrangement så lenge dei kunne garantere at det ikkje blei servert alkohol eller brennevin til nokon som ikkje skulle ha det. Slik eg oppfatta det når det vart klargjort av administrasjonen, var dette ivareteke i dei retningslinjene som låg føre. Mykje av debatten var basert på noko underteikna hadde misforstått under behandlinga i RHO-utvalet. Eg følte med trygg på at no hadde me gjort eit vedtak som skulle gjere det enklare og betre for unge på Stord å delta på konsertar og andre kulturarrangement. I Sunnhordland den 23.10.2024 kan ein lese om at ein no risikerer at den eine utestaden der ungdommar i alderen 18-20 år kan møtast ikkje lenger kan halde opne på dei premissa som har vore der før. Dette er uheldig. Eg og resten av Stord Arbeidarparti er bekymra for kva dette vil seie for kvaliteten på livet til ungdommane i denne gruppa. Me er også redde for kva konsekvensar som kan kome viss det blir sånn at ungdommar i denne gruppa berre held seg på heimefestar og liknande der ein ikkje har nokon som kan passe på dersom det skulle skje uhell eller illegale rusmiddel skulle vore i sirkulasjon. Mine spørsmål til ordføraren er som følger:

  1. Kva kan kommunen gjere for å syte for at Sjøhuset kan halde fram å være ein møteplass og utestad på laurdagane for ungdommane?
  2. Er det slik å forstå at dei noverande alkoholpolitiske retningslinjene ikkje gjer det enklare for arrangørar av konsertar og andre kulturarrangement der det vert servert alkohol å leggje til rette for at ein kan opne opp for ungdommar likevel?