Natt til søndag skal me vri på urverket igjen, og det store ordskiftet som følgjer går gjerne på kva veg visarane skal vriast. Beste svaret er: Alltid mot sommaren. No på hausten i revers, på vårparten framover. Så las me her om dagen at det 2024 kan bli siste året me har glede av styra tida ein time. I EU-bygget i Brûssel står stadig mogleg avvikling av sommartid/vintertid på dagsorden. Men inn til vidare får me ein time meir ti rådvele haustdøgeret me skrur tida – tilbake.
God helg.
Fyndord og ordtak er alltid kjekt å ha med på ferda:
- Ingen fisk utan bein
- Det er noko med alt – men det er ikkje alt det er noko med
- Det beste skal ein gøyma til slutt
- Alt som er gamalt, er ikkje godt – og alt som er nytt er ikkje nyttig
Nokre ord på veg ut av Stordamålet alt for 50 år sidan:
- Pløsa = bløra eller blåsa
- Putl = noko smått lite, leikety
- Pøk = liten sekkepose
- Pøklast = slåst for moro