Snart klart for Falturiltu

Foto: Marianne Gretteberg Engedal (sjølvportrett med katt) og Gry Dahl

Det er ikkje lenge igjen til Falturiltu og det er mykje spennande i vente på årets festival, skriv Stord folkebibliotek på dei kommunale nettsidene.

STREK OG STRIPE er årets tema for den nynorske litteraturfestivalen Falturiltu. Festivalen ønskjer med dette å løfta fram floraen av gode teikneserieskaparar og illustratørar i landet. Det blir ein festival utanom det vanlege, der det visuelle får fokus. Det blir over 30 utøvarar på programmet og ei rekkje opne program for alle aldersgruppe.

Marianne Gretteberg Engedal og Ida Neverdahl, som begge både skriv og illustrerer, vert med gjennom heile festivalen som årets Festivalforfattarar.

Festivalen går frå 1. til 9. november.

Her finn du program.

Her finn du meir info om festivalforfattarane og program.