Grundige undersøkingar av helsetilstaden gav klar melding om at det etter kvart byrja bli risikabelt å ha det store lindetreet lenger ståande i oppkøysla til Stord sjukehus. For bygningar og miljø på sjukehustomta gjeld vernevedtak, og såleis måtte det hentast inn dispensasjon for trygg felling, før det store lauvtreet fall av seg sjølve. Slikt treet stod, valde mannskapet frå Tre og Hage å ta det ned grein for grein, med sikring i beste HSM-regi.
– Kva alder har pryden?
– Eksakt plantedato har me ikkje funne, men det har nok stått ved inngangen til sjukehuset frå den gong det var drive alternativ behandling på Furuly. Truleg rundt 100 år. Svaret får me når kan telje årringane, seier Robert Holmstrøm, avdelingsleiar for teknisk drift og vedlikehald på Stord sjukehus.