Berre for korttidsparkering

Det berre er høve til korttidsparkering på plassen mellom ferjestøa i Sandvikvåg. (Foto: Steinar Hystad)

Torghatten Nord, reiarlaget som trafikkerer ruta Halhjem-Sandvikvåg, har spurt seg føre hjå Fitjar kommune om det let seg gjera å reservera fem faste plassar på parkeringsområdet nedst ved ferjekaien.  Grunngjeve svar munnar ut i at, at ei slik ordning ikkje let seg gjennomføra:

–  Parkeringsplassen nedst på kaia er meint for korttidsparkering, m.a.o. av- og påstiging for ferjepassasjerar. Kommunen v/ordføraren har i 2022-2023 hatt ein korrespondanse med Statens vegvesen om bruken av denne parkeringsplassen. Kommunen har meint at det måtte sikrast betre at parkeringsplassane faktisk vart nytta som korttidsparkering. Statens vegvesen har vore samde i dette og iverksett tiltak. Det er riktig som Statens vegvesen skriv i brev til dykk om at kommunen har ansvar for eventuell vilkårsparkering i samsvar med parkeringsforskrifta. Fitjar kommune har derimot ikkje ordning for vilkårsparkering i dag. Det som skal til for å iverksetja vilkårsparkering etter forskrifta er ikkje på plass i dag, og kommunen ser heller ikkje føre seg å gå i gang med dette no. På bakgrunn av ovannemnde ser me dessverre ikkje føre oss at me kjem til å leggja opp til faste plassar slik de førespør, skriv Fitjar kommune.

Biletet: