– Opphavleg er eg fitjarbu, men har vore stordabu sidan 1978. Har drive med teikning og måling heile mitt liv, men første dei siste åra har eg fått tid til å arbeida skikkeleg med biletkunst. Eg arbeider i hovudsak med figurativ kunst, men i forenkla og abstraherte uttrykksformer. Og legg vekt på heilskaplege komposisjon med samspel og spenning, i linjer, form og farge.
Slik opnar Bjørn Bjørlykke «sjølvpresentasjonen», når han no stiller ut arbeida sine hjå Print og Ramme i Torgbakken på Leirvik. Bjørlykke fortel vidare at han reknar seg som sjølvlærd i kunstfaget, men har vore inspirert av mange kunstnarar. Han har vore med på utstillingar rundt om og hadde si første separatutstilling på Galleri Losjen i Fitjar 2017. I dagleg virke har Bjørlykke vore lektor på Katedralskulen i Bergen og Universitetet i Tromsø og som førsteamanuensis på HVL på Stord, hovudsakleg i faget norsk.
– Enkelte av kunststykka mine speglar interessa eg har hatt for folklore og folkeminnestoff som segner. Særskilt vil eg nemna biletet «Draugadansen», eit skjer der det bølgjebrot vert tolka som dansande draugar. Dei varslar ulukke, varslar Bjørn Bjørlykke.
Utstilling står ut oktober månad.