Nei, det betyr ingen ting slik i det daglege, men likevel kjekt å dvela med i når ein likevel er i godt selskap. Slik me er under smilefjesa på Stordront.no om fredagane. Det gjeld dette med lange namn, som somme av oss yndar å korta ned til nokre store bokstavar. Eit sterkt døme er Norges Vassdrags og Energidirektorat, som oftast blir kort og greitt omtalt som NVE. Om Norges Automobilforbund seier me NAF og i diverse korrespondanse frå og til Stord Kommune er e-post- og brevskrivarar byrja korta ned til SK. Det ber feil av garde, meiner no me.
– Kor kjeme du frå då?
– Eg e oppvaksen i SK?
I alle fall – god hausthelg.
Ordtak og fyndord er greitt å ha med på turen:
- Skulle uhellet vera ute, så giftar me oss, sa jenta
- Når ein har falle frå taket til golvet, kan ein ikkje falla lenger
- Nære og nesten, slår ingen av hesten
- Det gode skal ein hogga i fjellet, det vonde skal ein skriva i snø
Ord på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan
- Pinjora = gruvla, studera på noko
- Pjokk = liten gut
- Pjusken = vesal å sjå til, tufsen
- Platta (seg) = halda seg, greia seg