Økonomien er det sentrale i andre tertialrapport 2024 som kommunedirektøren legg fram for formannskapet neste veke, men informasjonen gjeld også stoda for dei mange prosjekt Stord kommune har «på gang». Her følgjer eit oversyn, henta frå rapporten gjeldande ved utgangen av august:
Ny vassklie symjehall kulturhuset
Det var gjort avtale om at skila skulle reparerast i løpet av juli, vedkommande som skulle utføre
arbeidet har ikkje prioritert dette oppdraget. Me leitar no etter andre som kan utføre arbeidet. Det
er vanskeleg å finne fagfolk med denne kompetansen.
Nysæter Ungdomsskule
Nysæter ungdomsskule og FleirbrukshallProsjektet vart overlevert i 2 del-leveransar i 2023. Skule,
basseng, basis og fleirbrukshall vart tatt i bruk januar 2023. Klatrehall og utomhus sommar 2023.
Etter overtaking så har prosjektet gått over til prøvedrift og garantitid.
Nysætervegen VA
Landmark Maskin hadde oppstart medio juni 2024, prosjektet har kommen godt i gang, men er i
ein tidleg byggefase. Prosjektleiar forventar at prosjektet er ferdig over sommaren 2025. Nokre
utfordringar med funn av udetonert sprengstoff i vegfyllinga i fylkesveg, der entreprenør varsla full
stopp i anlegget i ei veke. Etter søk med eksplosiv hundar, så er området friskmeldt, og arbeidet går
som normalt. Prosjektet pr. dags dato ligger på plan.
Nytt bufellesskap
I politisk sak 10/2022 vart det lagt fram saksutgreiing for sak som gjeld bufellesskap i Heiane
område (Kåreviksmarka). Saka vart sett på vent grunna bortfall av investeringstilskot. I mellomtida
bad kommunestyre i PS 63/2022, verbalpunkt 28 administrasjonen om å vurdera kostnadane i
prosjektet. Prosjektleiinga og foreldregruppa til ungdomane har hatt ein prosess på dette. Ein har
sett til korleis andre kommunar har bygd, ulike løysingar er skissert og gjennom å redusera på areal
og endra til enklare løysingar, har ein redusert investeringskostnadar med om lag 9 prosent. I veke
35 2023, mottek Stord kommune tilsagnsbrev på investeringstilskot for prosjektet frå
husbanken.Prosjektet vart lyst ut på anbod hausten 2023, og det vart inngått kontrakt om bygging
januar 2024. Byggearbeida er kome godt i gong, og det vart “tett hus” i august 2024. Planlagt
ferdigstilling er starten på 2025.
Ombygging Langeland skule gymsal til tre klasserom
Prosjekt er satt på vent i påvente av forstudie om skulestruktur for sentrumsskulane, og kan
reknast for å vere i forstudie-fasen.
Ombygging Leirvik skule
Prosjektet er avslutta.
Ombygging sal til parkour
Prosjekt avslutta.
Oppgradering driftskontroll
Prosjektet er no i ein avsluttande fase med bla. nødvendig kursing og endringar.
Oppgradering vassverk – nye UV agregat
Prosjektet sklir i tid etter gjennomført risikovrudering. Stord kommune har bedt om utsettelse av
prosjektet fram til januar 2025 med bakgrunn i status på prosjekt ved Vaulane demning. Per dags
dato er det usikkert om det vil økonomisk konsekvens for prosjektet.
Oppmålingsbil
Ny oppmålingsbil er på plass og teken i bruk.
Ormabrekko flaumsikring
Dette prosjektet er ferdigstilt og overlevert til byggherre. Her gjenstår det å skrive sluttrapport.
Ravatnet reservevassforsyning
Sluttføring av reguleringsplan for nytt reservevassverk i Vatnadalen med tilhøyrande ca. 4000
meter vassleidning og tilkomstveg. Ein arbeider mot at planen skal vere klar for politisk handsaming
i slutten av 2024. Planen er at reservevassforsyninga skal vera ferdig i 2030.
Renovering skeisebanen
Renovering skeisebanen er gjort om til eit ikkje kommunalt prosjekt. Det er VIDRIVE AS som no står
for utbygging av ny ishall, og vil få ansvar for drift og vedlikehald . Arbeidet er godt i gang og
entreprenør held på med grunnarbeidet.
Renseanlegg Grunnavågen (1.0)
Prosjektet er komplett ferdig prosjektert og klart for utsending på anbod, men er stoppa grunna
føreståande nye avløps reinsekrav (sekundærreinsing).De jobbes med nytt reinseanlegg som skal
ligge på Skjærsholmane som skal handtere alt avløp i kommunen.
Rindane VA rehabilitering
Forsinka etter plan grunna forhandling rundt grunnavtale. I slutt fase med detalj prosjektering, og
forventa utlyst på doffin medio oktober 2024. Innstilling og kontrakt skal vera på plass i løpet av
desember. Byggefase er stat til februar/mars 2024. Kostnads estimat for prosjektet 45 mill.
Rundehaugen VA (samarb. Jula)
Prosjektet er overlevert til drift og vedlikehald i Tekniske tenester for VA avd.
Saghaugen personalbase
Prosjektet har stoppa opp og er utsett, og vil bli sett i samanheng med den større oppgraderinga
som er førespegla for personalbasen/ventilasjonsanlegg.
Sagvågssvingen VA
Prosjektet har gått etter plan i lag med Vestland fylke.
Skifte av vasskummar
Prosjekt skifte av vasskummar er eit prosjekt som drifta styrer. Det er av og til akutt behov for å
rehabilitere eldre vasskummar i forbindelse med større prosjekt i området.
Skyttarhaugsvegen
Prosjektet ligg litt etter plan på grunn av utfordringar som krev reguleringsendringar. Prosjektet blir
lyst ut i veke 39, og ein forventar å ha signert kontrakt med entreprenør i løpet av november.
Forventa oppstart av arbeidet er januar 2025.
Solceller kommunale bygg
Prosjektet har fått utarbeid rapport frå Norconsult om solceller på kommunale tak i Stord
kommune. Det viser seg at nedbetalingstida for solcelleanlegg er lang, (20 – 30 år) Det er laga ei sak
til politisk behandling der ein legg fram forstudiet som kjem opp i BUT og kommunestyret i
november.
Sæbø gard, ny løe
Sjølve løa er ferdigstilt, men det gjenstår å få på plass noko brukarutstyr i andre etasje av løa.
Tjødnalio skule
Tilbygg Tjødnalio skule har vore ute på anbod og er tildelt til entreprenør. Tilbygget skal innehalde
nye garderobeforhold til dei tilsette. Grunnarbeidet starta i veke 41. På det eksisterande
arbeidsrommet for lærarane er det og pussa opp og kjøpt inn nytt inventar for å få utnytta plassen
betre. Det blir i budsjettrevisjonen sett av kr 9 mill. til dette prosjektet. Midlane blir finansiert med
låneopptak.
Tjødnalio skule trafikksikring
Det blir jobba med prosjektering av hjartesone ved Tjødnalio skule, og overgangsfelt i
Nysætervegen. Målet er å få hjartesona ut på anbod i løpet av oktober 2024, og oppstart arbeid
november 2024. Ein vil komme tilbake med sum for investering av trafikksikringstiltak i budsjett for
2025.
Trafikksikring
På lista over trafikksikring står Tjødnalio skule som nr. 1, og midlane vil bli nytta ved denne skulen.
Tveita-Valvatna hovudvassleidning
Prosjektet har godkjent byggjeløyve og er klar for oppstart, så snart som kontrakt med entreprenør
er tildelt.
Tømmerkai og veg til indistriområde
Sørstokken industriområde fekk godkjent reguleringsplanen i kommunestyret den 26.09.24.
Anbodsbeskrivelsen av kai og veg ut til kai er snart ferdig utarbeida og vil bli sendt ut på anbod i
løpet av hausten 2024.
Utbetring Vaulane
Som tidlegare orientert har det vert ekstremt mykje utfordringar i dette prosjektet med bla fjell-
geologi. Prosjektet var per slutten av september ferdig med 100m borehol. Det har vore dårlig fjell å
bore i. Vidare framdrift blir no å trekke røyr gjennom boreholet i uke 38, etter dette skal det
støypast inni demning for å forankre bend til fjellet. Det er forventa at heile jobben er ferdig til
nyttår.
Uteareal Langelans skule, masseutskifting
Prosjektet er ferdig med første del av utfylling i myr for bygging av ny baskettballhall. Prosjektet er
no sett på vent til forstudiet om ny skule for Leirvik og Langeland er ferdig.
Vognskur og miljøstasjonar
Det er i 2024 bygd ny miljøstasjon ved Rommetveit skule. I tillegg er det bygd vognskur ved Sagvåg
barnehage avd. Nysæter.