Gjennom Frivilligsentralen er det siste tida skipa til tre opne møte med informasjon om eit nyttig dokument for dei fleste: Framtidsfullmakta. Alle møta samla full småsal i Kulturhuset og snittalderen hjå publikum låg meir mot 70 (pluss), enn andre vegen, naturleg nok. Informantar var Eline Aarskog frå Advokatkontoret Aksnes og Aarskog og banksjef Arve Havnerås frå SparebankenVest.
Framtidsfullmakt omhandlar kva me vil skal skje med oss sjølve og det me eige når alderen krev sitt, som me seier. Ei skriven fullmakt er ikkje evigvarande og kan endrast etter kvart som livsendringar kjem til. Tips og hjelp til utfyllinga kan ein få på nettet eller søkja hjelp hjå advokat.
– Kor skal så fullmakta leverast eller lagrast, var det ein del som lurte på
– Den skal liggja i beredskap i skuffa heime til dess det blir konkret bruk for informasjonen. Først då blir det aktuelt å senda dokumentet til m.a. Statsforvaltaren.