Halloween-hekk i år, kanskje?

Halloween-hekk er altså fullt mogleg. (Foto: Steinar Hystad)

Det stundar raskt til den heftige halloween-kvelden (laurdag 31. oktober denne gongen), og Stordront finn tida inne til å minna om at det ikkje berre er snakk om å laga skremmefjes av store og endå større graskar.  Har du for eksempel ein ganske alminneleg hekk til disposisjon, går det  fint å forma til ei slags maske av den. Ideen er henta heimover frå ein varmare del av  kontinentet.