Kommunestyret har vedteke å oppgradera bassenganlegget i Kulturhuset for nye ti års innandørs badeliv. Utandørs har også bassengdelen av vår kulturelle storstove fått seg eit løft siste tida. Rhododendron’ane langs vindaugsrekkja mot petanque-banane hadde vakse seg FOR store etter kvart, og er blitt skorne ned til ein meir høvande storleik. Om hagebuskane har hatt plass i bedet sidan Kulturhuset vart teke i bruk på slutten av 1970-talet, har me ikkje fått tak i sikre signal om.