Trepleie- og trefelling ved Vikastemmo

Planen er å fella inn til seks av dei store furutrea mellom fylkesvegen og Vikastemmo. (Foto: Steinar Hystad)

Ser ut for at dei høge furutrea  mellom Vikastemmo og FV 544 har «frisøretime» for tida. Trea er ringa inn med anleggsgjerde og greiner er kutta på  sida mot Fylkesvegen. Kvifor det

Slik lyd spørsmålet frå tugåar i området ved «Andadammen» og Vabakkjen. Kva som er på gang, fortel Anne Randi Naurstad, driftsleiar, for veg og grønt i Stord kommune:

– For å sikra framkome og trygg ferdsle for dei som passarar og oppheld seg og i området, er det er behov for å letta og beskjera lange tunge greiner, og reinska trea for tørrkvist.

– I tillegg vil me fella om lag seks tre som er skeive og lenar seg mot Vikastemmo og gangvegen. Dersom det ikkje blir gjort tiltak på trea, er det ein viss fare for brekkasje, velt av tre og nedfall av tørrkvist og tyngre geiner.